Profil 2026: Fjordens cowboy

Publisert:

Med Porsangerfjorden som kontoromgjevnad, utfører havforskar Hans Kristian Strand små eksperiment med store følgjer.

Hans Kristian Strand er profil i Fram Forum 2026. Ein båt på fjorden er like mykje kontorplassen hans, som pulten på feltstasjonen i bukta. Og samarbeida er mange : – Vi får ein kunnskap om fjorden som er heilt unik, seier Strand. Foto: Tor Even Mathisen/Havforskningsinstituttet.
Av Bente Kjøllesdal, Havforskningsinstituttet

-Den raude tråden i alt eg gjer, og hovudgrunnen til å vere her, er at vi skal få ressursane tilbake, seier havforskar Hans Kristian Strand.

Han er Havforskningsinstituttets nordlegaste satellitt, der han held til på ein feltstasjon i Holmfjord, Finnmark. Rett utanfor kontorvindauget ligg Porsangerfjorden, som han har forska i, på og ved i 15 år.

Før andre verdskrig bogna fjorden av eit rikt fiskeri.

– Men no har fiskeria vore vekke så lenge at ein har vorte vande til det. Dei som veks opp her no har aldri sett noko anna enn at fjordstroka er tomme for fisk.

Feltstasjonen i Holmfjord. Foto: Tor Even Mathisen / Havforskningsinstituttet

Ein vond sirkel

Økosystemet i Porsangerfjorden har gjennomgått store endringar over mange år – reduserte fiskebestandar, kråkebollar som beitar ned tareskogen og kongekrabbar på innmarsj.

Dei grøne kråkebollane går vanlegvis ikkje laus på frisk tare, men vert dei mange og svoltne nok kan dei beite ned enorme område.

Då nøkkelartar som raudspette, stor hyse og steinbiten forsvann frå fjorden, forsvann òg mekanismen som heldt dei glupske kråkebollane i sjakk.

Tareskogen vart forvandla til ein ørken.

– Om ein først har skapt ein situasjon der kråkebollane kan blomstre opp og beite ned tareskogen, så held det ikkje at ein berre sluttar å fiske gråsteinbit. Utan tareskogen som eit viktig oppvekstområde, er det vanskeleg for fisken å kome attende, seier havforskaren.

– Det vert ein vond sirkel, der økosystemet vert halde nede.

Slik har fjorden stått i fleire tiår.

Men Strand forskar på korleis ein kan snu dei negative trendane – og resultata hans viser at det er håp i horisonten.

Fisken og fjorden

Hans Kristian Strand er fødd i Finnmark, men flytta tidleg til nordlandskommunen Fauske, der han òg vaks opp. Han fatta tidleg interesse for havet og for fisk.

– Noko av det første eg gjorde når eg fiska var å sløye fisken, for å sjå kva han hadde ete, minnest han.

Som student var interessene mange og femna vidt, og på slutten av 80-talet hadde oppdrettsnæringa etablert seg i Noreg. Strand var særleg fascinert av oppdrett av nye marine artar.

Med eit hovudfag om kveiteoppdrett frå Universitetet i Bergen i baklomma, byrja Strand stegvis å forflytte seg nordover.

Likevel var det fjordøkologien som skulle ramme inn mykje av forskarkarrieren hans.

Hans Kristian Strand tar en kaffepause sammen med Alf Børre Tangeraas, altmuligmann på feltstasjonen. Foto: Havforskningsinstituttet.

Garasjekjensla

På feltstasjonen i nord er dei to fulltidstilsette: Hans Kristian sjølv og kona Mette – eit tospann både i arbeidsliv og familieliv. I tillegg har dei ein god hjelpar i Alf Børre Tangeraas, som jobbar på timebasis.

– Det å jobbe på ein feltstasjon har nokre ulemper – miljøa vert små, seier havforskaren.

Men nettverket dei har opparbeidd seg i nord er stort. Dei har eit mangeårig og utstrekt samarbeid med både fiskarar, industrien og kommunane.

– Og det hadde ikkje gått utan støtta vi får frå forskarar, teknikarar og administrasjonen som sit andre stadar.

Hans Kristian Strand innrømmer at det nok ikkje er heilt tilfeldig at han ende opp her i nord.

– Du held på garasjekjensla, på ein liten feltstasjon – ein kan få gjort ganske mykje utan å verte hefta av så mykje byråkrati.

Arbeidskvardagen er ofte fordelt mellom ein båt på fjorden, laboratoriet på feltstasjonen og kontorpulten.

– Det å få vere her i den litt kaotiske sona der vi kan utforske nye konsept, og at det er sjølve jobben vår – det er eit privilegium, seier han.

Årelang erfaring

Havforskinga sin feltstasjonen i nord held til i eit nedlagt fiskebruk. Det var dette tomme lokalet –  fullt av potensial – som lokka Strand og kona tilbake til Finnmark.

I fleire år dreiv dei si eiga bedrift langs fjorden. Her ala dei opp torskeyngel for sal.

Parallelt samarbeidde dei med kommunen for å finne ut kvifor fjordtorsken hadde forsvunne frå Porsangerfjorden. Søkjelyset retta dei raskt mot kråkebollane.

– Då det viste seg at det ikkje var liv laga for torsken, prøvde vi å redusere kråkebollebestanden gjennom å kommersialisere han, seier Strand.

Tareskoger ble reetablert på steder som ble behandlet med brent kalk. Dette bildet ble tatt i Porsangerfjorden i september 2024, et tiår etter at kalkbehandlingen startet. Foto: Havforskningsinstituttet-

– Men det var lite rogn i kråkebollane, og det er i rogna det er pengar. Dei hadde beita ned tareskogen og dimed sitt eige livsgrunnlag.

Innan fiskebruket vart feltstasjon og ein del av Havforskingsinstituttet i 2010, hadde Strand-ekteparet opparbeidd seg årevis med erfaring om dei samansette økosystemutfordringane i fjorden – og idéar om korleis ein kunne møtes desse.

Ei økologisk katastrofe

Tareskog er nøkkeløkosystem langs kysten. Denne blå skogen produserer oksygen, lagrar karbon og fjernar overflødige næringssalt. Samstundes er han oppvekstområde og bustad for eit rikt mangfald av artar – frå svampar, sniglar og muslingar til krabbar og nettopp fisk.  

Tang vokser tett på det kunstige revet. Foto: Havforskningsinstituttet
Store mengder torskeyngel samler seg nær revets ankerkrans. Foto: Havforskningsinstituttet

Her vert fisk klekt og her veks han opp. Om natta kjem rovfisk inn frå djupet for å ete.

Men menneskeleg påverknad har sett tareskogane i fare. Nesten 60 prosent av verdas tareskogar er i nedgang.

I Nord-Noreg åleine er omtrent 5000 km2 tareskog tapt.

– Tareskogen sin kollaps var ei økologisk katastrofe. Men fordi det skjedde under vatn, fekk det lite merksemd. Hadde dette hendt på land, ville vi ikkje prata om noko anna, seier Strand.

Men merksemda er i ferd med å endre seg.

Tareskogrestaurering er på dagsorden, og problematikken har synt att i kronikkspalter og aviser, på radioflater og i nyheitssendingar.

Det er både privat, frivillig og politisk vilje for ein redningsoperasjon. I juni 2024 etterlyste Stortinget ein plan for å snu trenden.

Samstundes har Noreg leiande forsking på feltet – mellom anna frå ein feltstasjon i Holmfjord.

– Det begynte med at vi for på Felleskjøpet

På feltstasjonen utfører dei små eksperiment heile tida. I 2013 spreidde havforskarane for første gong brent kalk i Porsangerfjorden, for å undersøke om kalk kan knekke kråkebollane.

– Det heile begynte med at vi for på Felleskjøpet, og kjøpte 20 kilo kalk som skulle brukast i fjøs. Vi ville undersøke om vatnet i arktiske område var for kaldt til at ein i det heile kunne bruke kalk, forklarar Strand.

Når den brente kalken treffer vatnet, aukar pH-verdien raskt. Dette fører til ei kortvarig etsande effekt. Pigghudar som kråkebollar er svært sårbare for behandlinga, medan skjel, krabbar og fisk knapt vert påverka.

Forsøksområde fann forskarane utanfor kontorvindauget. Kråkebollar i fleng hadde slått seg ned rundt moloen ved feltstasjonen.

– Kråkebollane døydde og året etter vaks taren.

Dei skalerte opp. Områda som vart kalka er allereie ribba for det meste av marint liv – kråkebollane hadde skapt audemark.

I over ti år har forskarane følgt utviklinga, og i Porsangerfjorden har resultatet vore slåande: i dei kalkbehandla områda gror frodig tare.

Og den invaderande kongekrabben har teke over steinbiten, hysa og raudspetta sin jobb med å halde kråkebollebestanden nede.

Dødeleg sandwich

Økosystem er samansette, komplekse nettverk. Oppstår det endringar i eitt ledd, kan det skape ein kjedereaksjon.

Når ein topp-predator som torsk forsvinn, vert ikkje plassane i økosystemet ståande tomme og vente på at han finne det for godt å kome tilbake. Tvert om.

Artar som vanleg ulke – som er i mellomsjiktet i næringskjeda – kan sjå sitt snitt til å utnytte tomrommet. Dei vert fleire og flyttar inn i dei ledige leveområda.

– Vi har rekna ut at det finst mange millionar av dei i Porsangerfjorden, og vi har dokumentert at dei er et fiskeyngel med stor appetitt – og torskeyngel står høgt på menyen.

Havforskarane hadde eit håp om at dersom berre tareskogen kom tilbake, ville fiskeyngel overleve greitt. Dei sette opp eit eksperiment for å teste hypotesen:

– Vi sette ut torsk- og seiyngel i eit akvarieforsøk, der rovfisk som ulke og ungtorsk var til stades, og der det fanst rikeleg med gøymestadar som tang og tare. Vi antok dette ville beskytte yngelen
– Det viste tydeleg at vi tok feil.

Det vart ein dødeleg sandwich.

– Småtorsk jaga fiskeyngelen ned i tareskogen, og der vart dei etne av ulkene. Yngelen som ulkene bomma på spratt opp att, og der slukte småtorsken dei.

Det var med andre ord ikkje nok å få tareskogen tilbake – havforskarane måtte også sørgje for at yngelen overlevde, om dei skulle klare å gjenskape eit økosystem der fjordtorsken vaks opp.

Dei mangla rovfisken.

– Vi introduserte gråsteinbit. Han var veldig aggressiv. Kvar gong han fekk auge på ei ulke, jaga han ho vekk. Ho fekk meir enn nok med å gøyme seg, og vi fekk dimed ikkje denne sandwich-effekten. Resultatet vart alt langt fleire yngel overlevde.

Sidesprang med meining

Knapt ein dag går, utan at Hans Kristian Strand har vore ut på fjorden han vier mykje av forskinga si til. Feltstasjonen ligg ved sjøkanten, og i moloen ligg arbeidsbåten og ventar.

– Det er ikkje nødvendigvis det vi eigentleg studerer som er det mest spennande, men alle sidetinga som dukkar opp, medan vi er ute med henda i vatnet, forklarar han.

– Eg er ikkje gift med problemstillingane mine, og eg set pris på at eg kan forfølgje det som dukkar opp uventa.

Slik var det også med ei av dei siste nyvinningane i nord.

Vi veit at tareskogen er eit viktig matfat og leveområde for fiskeyngelen, men det veit ulkene òg. Forskarane innsåg at dersom dei skulle hjelpe yngelen overleve laut dei gjenskape tarehabitatet utanfor ulka si rekkevidde.

– Etter ganske mykje prøving og feiling, snubla vi plutseleg over eit konsept som overgjekk forventingane våre: kunstige tarerev.

Rekordresultat

I vinter senka havforskarane ned kunstige rev i Melkøysundet utanfor Hammerfest. 

Dei kunstige reva står på omtrent 20 meters djup, og er forankra med ein ring som kviler på havbotnen. Frå desse strekker tau seg 10 til 15 meter oppover i vassøyla.

Fire månadar seinare, dukka forskarane under overflata for å sjå om dei kunstige reva hadde bore frukter:

– Dei var dekte av frodig tare – på rekordtid. På alle dei utplasserte reva, vaks taren tett og vi såg både torskeyngel og seiyngel i store mengder rundt strukturane, seier havforskaren. 

Mellom desse kunstige tarereva, har havforskarane introdusert ein glupsk redningspatrulje: steinbit.

Steinbiten vart populær som matfisk på 60-talet, men bestanden tolte ikkje at så mange ville ha han på middagsfatet.

Strand og HI-kollegaane har no utført ei omplassering litt utanom det vanlege.

20 steinbitar vart fanga ved kysten og frakta til sin nye heim i Melkøysundet. Om han trivest, kan rovfisken bøte på kråkebolleproblemet og gje tareskogen pusterommet han treng.

– Då kan steinbiten bidra til å bryte den negative spiralen som held økosystemet nedbeita.

Mat og tradisjonar

Truleg krevst ein kombinasjon av ulike metodar og tilnærmingar for å sikre ein rik tareskog og deretter ein gjenetablert fjordtorsk-bestand.

Men det er målet og meininga for Hans Kristian Strand.

– Før kunne du setje på potetene og gå ut og hente fisken du ville ete til middag. Utan den tilgangen på fisk, hadde ikkje folk budd her. Verda endrar seg, og det er naturleg, men om denne tilgangen er tapt, mister vi noko meir, seier havforskaren.

Det handlar ikkje berre om matressursar og å forstå det biologiske samspelet i fjorden, det handlar også om kulturarv.

– Har du høyrt om skaveltorsk? spør Strand.

– Torsken ein fiska seint på hausten grov ein ned i snøskavlane her, og så åt ein fisken ut over vinteren. Han begynte å verte litt sliten når våren nærma seg, men fisken hadde ein heilt spesiell syrna og bokna smak. Ein åt han saman med feitt og spekk frå sel.

Surtorsk, på si side, var torsk ein pakka i jutesekkar tidleg på året og gøymde i fjæresteinane.

– Det er ein matkultur som nesten ingen har høyrt om. Det er måtar å lage mat og konservere torsk på – og det handlar om å overleve på dei ressursane ein har tilgjengelege.

Sjølv om Porsangerfjorden framleis er fattig på fisk, ser Hans Kristian Strand lyst på framtida til fjorden:

– Eg har grunnleggande tru på at vi kan få til det her, og at ressursgrunnlaget kan kome tilbake til å verte minst like produktivt som det ein gong var. Vi må berre ikkje gjere dei same tabbane oppatt.

Secret Link