Lågaste skreirådet på over 20 år

Kvoterådet for nordaustarktisk torsk går ned med 31 prosent.

Fredag la den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet fram sine kvoteråd, mellom anna for skrei.
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet
Av Bente Kjøllesdal, Havforskingsinstituttet

– Gytebestanden for skrei er nedjustert og vil kome under føre-var-nivået i 2025. Difor går også kvoterådet så mykje ned, seier HI-forskar Bjarte Bogstad. 

Han er del av den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet. I forrige uke dei fram sine kvoteråd for nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse, snabeluer og blåkveite. 

For alle bestandane er det ein nedgang i tilrådd kvote.

Lågaste kvoterådet på over 20 år

Forskarane tilrår at det ikkje vert fiska meir enn 311 587 tonn nordaustarktisk torsk i 2025. Kvoterådet er 31 prosent lågare enn både kvoteråd og fastsett kvote for 2024. 

– Kvoterådet er det lågaste sidan 2003, seier Bogstad.

Vanlegvis set haustingsregelen ei grense for kor mykje eit kvoteråd kan gå ned frå eitt år til det neste. Denne avgrensinga er på 20 prosent. Men om gytebestanden er venta å falle under føre-var-nivået, fell denne avgrensinga vekk – og dette er no tilfelle.  

– Om fangstane vert lik rådet, vil det vere den lågaste fangsten sidan 1991, seier HI-forskaren.

Les mer på HIs nettsider.