Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane

Publisert: 6. april 2018

Talet planteartar på europeiske fjelltoppar auka fem gongar meir i ti-året 2007 til 2016 enn for femti år sidan, 1957-1966. Årsaka er global oppvarming.
NIBIO-forskar Jutta Kapfer i felt på Svalbard der ho kartla fjellet Vesuv (741 moh.) saman med prof. John-Arvid Grytnes frå UiB. Botanikaren Olaf I. Rønning kartla plantene på dette fjellet i 1957, og fann da tre artar. I 2009 var talet blitt 13. Foto: Jessica Abbott

Dette går fram av nyleg publisert forsking i det vitskaplege tidsskriftet Nature. Artikkelen er resultat av ei omfattande re-kartlegging av plantelivet på 302 europeiske fjelltoppar.

Nye data er samanlikna med data frå opptil 145 år tilbake i tid, noko som har gitt eit heilt unikt datasett.

Fagfolk frå Universitetet i Bergen (UiB), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og NIBIO har vore sentrale i arbeidet saman med forskarar frå ti andre europeiske fagmiljø. Prosjektet er delfinansert av Framsenteret

Grønare fjelltoppar

NIBIO-forskar og vegetasjonsøkolog Jutta Kapfer er ei av dei som har vore med i prosjektet. Ho fortel om fjelltoppar som blir grønare, og at talet på artar i høgare strok aukar. Det gjer også temperaturen.

– På alle dei 302 kartlagte fjelltoppane er det registrert temperaturauke. Talet på planteartar auka på heile 87 prosent av toppane. Fjelltoppane med høgast temperaturauke, er og dei med størst auke i artar, seier forskaren.

Dei spesialiserte plantane er sårbare for endringane som skjer no. Gjennom hundrevis av år har dei tilpassa seg skrinne kår og låge temperaturar.

Typiske høgfjellsplantar som issoleie, fjellveronika, høgfjellskarse og fjellsmelle kan gå tapt fordi dei blir utkonkurrert av andre artar som kryp oppover frå lågare strok.

– Konkurrentane er ofte høgare og meir varmekjære enn plantane som opprinneleg heldt til der, forklarer Kapfer, og legg til:

– Ingenting forblir slik det var, alt er i endring. Sjølv om vi ikkje legg merke til endringane i dag, så er dei der. Derfor er det så viktig med lange tidsseriar og samanlikningar som i dette prosjektet for å registrere endringar som skjer langsamt.

Forskaren Kapfer trur opne fjelllandskap slik vi kjenner dei i dag, kan bli borte; saman med artar som er typisk for høge fjell.

Frå vidde til skog

Både norske og europeiske fjell har alt endra seg mykje.

– Hardangervidda slik vi kjenner ho i dag kan verta vekke. Om og når jorda vert to grader varmare vil tregrensa etter kvart gå 350 meter høgare over havet, seier John-Arvid Grytnes,  professor ved Institutt for biovitskap ved UiB.

– Vi har ein tendens til å tenkje på fjella som noko evig og stabilt. Våre funn viser at det ikkje er tilfelle, og at det vil kome store endringar i norske fjell. Vi kjem til å miste mange av fjellområda våre, seier professoren.

Professor ved NMBU, Kari Klanderud, var i 2014 på Sikkilsdalshø, aust i Jotunheimen for å samle data. Ho og masterstudenten Erlend T. Grindrud la merke til alle dei små bjørkeplantane som vaks i fjellsida, langt over tregrensa.

– Da eg var i Jotunheimen 16 år tidlegare, såg eg kun ei sped lita bjørk på alle dei 25 fjella eg undersøkte. No var dei overalt. Dette er ei stor endring på relativt kort tid, og eit klart varsel om at fjellområda er i ferd med å verte grønare, seier Klanderud.

Eksempel på endringar på enkelte norske fjelltoppar

Svalbard – 7 fjell kartlagt. Data frå 1940-50 vart samanlikna med 2009:

Vesuv (741 moh.): Frå 3 til 13 artar.
Lundbohmfjell (480 moh.): Fra 10 til 21.

Nord-Noreg – 39 fjell kartlagt. Data frå 1880-90 vart samanlikna med 2010, 2014 og 2015:

Tromsdalstind (1238 moh.), Tromsø: Frå 1 til 32 arter i 2010.
Bentsjordtind (1096 moh.), Tromsø): Frå 7 til 31 i 2010.
Bergheien på (563 moh.), Senja: Frå 9 til 65 i 2015.

Fleire arter

I perioden 1957-1966 auka talet på artar i gjennomsnitt med 1,1 per fjelltopp. I 10-årsperioden 2007-2016 var auken på 5,4 fleire artar per topp. Auken går altså fortare og fortare, i takt med klimavarminga.

Lignende saker