
Nalân Koç er ansatt som ny forskningsdirektør i Norsk Polarinstitutt. Foto: Tor Ivan Karlsen/Norsk Polarinstitutt.
Klima har dei seinare åra blitt eit av dei viktigaste forskingstema i polarområda, med globalt fokus på oppvarminga, som no går fortast i Arktis. Nalân Koç ønskjer å vidareføra Polarinstituttet sitt arbeid innanfor klima- og effektforsking, overvaking av miljøgifter og biologisk mangfold, og geologisk kartlegging i både Arktis og Antarktis.
-Behovet for kunnskap om polarområda har aldri vore større og meir akutt enn i dag. Eg ser fram til å leia den høgkompetente forskargruppa frå Norsk Polarinstitutt, som saman med andre forskarar på Framsenteret skal levera viktig kunnskap til verdssamfunnet, seier Nalân Koç. Forskingsavdelinga ved Norsk Polarinstitutt har i dag ca. 55 tilsette, medan det totalt arbeider ca. 160 personar ved instituttet.
Nalân Koç begynte som forskar ved Norsk Polarinstitutt i 1999. Ho har spesialisert seg på fortidsklimaforsking og polarklimaforskning og vore leiar av forskingsprogrammet Polarklima. Koç er opphavleg frå Tyrkia og kom til Noreg i 1985. I 1993 fullførte ho doktorgraden i maringeologi ved Universitetet i Bergen. Koç ble i 2009 kåra til ei av dei ti mektigaste innvandrarstemmene i norsk arbeids- og samfunnsliv.