Det skal forskarane spørja fiskarane om.
Av Stine Hommedal, Havforskningsinstituttet
Seismikk-undersøkingar brukar luftkanonar for å undersøka førekomstar av olje og gass under havbotnen. Det skapar ei kraftig lydbølgje, som kan trenge langt ned i grunnen under havbotnen.
Med å tolka ekkoet til denne kraftige lyden, kan geologane finne ut kor det er olje og gass.
Men forsking har vist at både fisk og kval kan bli forstyrra av lyden frå slike seismikk-undersøkingar.
Difor har Havforskingsinstituttet (HI) i ei årrekke gitt råd om kor og når ein kan gjere slike undersøkingar.
No vil dei også sjå det frå fiskarane sitt perspektiv.
Forskingsprosjektet Fiskeriseis
- Skal kartleggja interesse- og arealkonfliktar mellom seismiske undersøkingar og fiskeria
- Prosjektet blir leia av Havforskingsinstituttet, i samarbeid med Runde Miljøsenter, Akvaplan Niva, Fiskeridirektoratet, Equinor og Fiskebåt, og er finansiert av FHF