Gjennom dei siste 10 åra har miljøeininga i Statens strålevern gjennomført ei rekkje forskings- og overvakingstiltak i nært samarbeid med andre etatar og institutt ved Polarmiljøsenteret. Desse tiltaka har bidrege til ei nærare forståing for den noverande radiologiske situasjonen til dei norske arktiske områda.
Nivåa av 137Cs hos selar tyder på at denne radionukliden blir bioakkumulert gjennom arktiske, marine matkjeder. Foto: Norsk Polarinstitutt.
I februar 1999 vedtok Statens strålevern å etablere miljøeininga ved Polarmiljøsenteret for å fremje samarbeidet mellom Statens strålevern og dei andre deltakande institusjonane, og for å utnytte ressursane til senteret på best mogleg måte.
Frå juni 2009 har eininga hatt tre tilsette, alle med bakgrunn og ekspertise innan radioøkologi,
oseanografi og radiometriske målingar. Viktige oppgåver er forsking, overvaking, konsekvens-analysar og styrking av kunnskapen om kjelder, transportprosessar og opptaksmekanismar for radioaktiv forureining i arktiske område.
Polarmiljøsenteret
Den opphavlege visjonen til Polarmiljøsenteret var at senteret skulle bli den nasjonale basen og det leiande internasjonale senteret for formidling av miljøkunnskap om arktiske og antarktiske område og Barentsregionen.
Polarmiljøsenteret har i dag ei leiande rolle innan miljøforsking i arktiske område
Som eit av dei neste stega i regjeringa sin strategi for nordområda, skal eit leiande internasjonalt senter for klima og miljøforsking i nordområda utviklast i Tromsø. Senteret skal byggjast opp rundt det eksisterande Polarmiljøsenteret i samarbeid med Universitetet i Tromsø og Havforskingsinstituttet. Det langsiktige målet til det nye senteret for klima og miljø skal vere å gi Noreg ei sterkare rolle i og større påverknad på det internasjonale samarbeidet i nord og dermed sikre Noregs interesser.
Aktivitetar miljøeininga har sett i verk
Aktivitetane til miljøeininga dekkjer forsking, feltarbeid, handtering av prøver og målingar, i tillegg til analysar og publisering og presentasjon av data og resultat. Miljøeininga samarbeider aktivt med andre institutt ved Polarmiljøsenteret, og også med andre nasjonale og internasjonale forskingsinstitutt. Dei 10 siste åra har personale frå miljøeininga delteke på følgjande aktivitetar i dei arktiske områda og Barentsregionen:
- Radioøkologisk forsking og kartlegging til havs og på land på Svalbard.
- Overvaking av mogleg forureining frå den russiske atomubåten Kursk, som sokk i Barentshavet i 2000.
- Overvaking av technetium-99-nivået (99Tc) i det arktiske havmiljøet.
- Modellering av korleis 99Tc blir transportert i det norske havmiljøet.
- Overvaking av cesium-137-nivået (137Cs) i den arktiske biotaen til havs og på land.
- Forstå kva innverknad polonium-210 (210Po) har på naturlege doseratar i arktiske miljø.
- Overvaking av radioaktiv forureining i Øvre Dividalen nasjonalpark.
- Forskingsturar i Barentshavet.
- Beredskapstrening.
Personale frå miljøeininga har dei siste åra også delteke i feltarbeid så langt unna som Kirgisistan og Tadsjikistan, der dei har undersøkt miljøpåverknaden til urangruvedrifta i det tidlegare Sovjetsamveldet og slagghaugar i Sentral-Asia.
Miljøeininga har i tillegg bidrege til utviklinga av forvaltningsplanane for Norskehavet og Barentshavet og har representert norske interesser i Radioactive Substances Committee under OSPAR-kommisjonen.
Modellert langtransport av 99Tc frå Sellafield til norske arktiske område via havstraumar. Modellen er produsert i samarbeid med AWI/OASys, Tyskland.
Analyse av gammastråling i laboratoriet til miljøeininga. Foto: Statens Strålevern.
Gjeldande radiologisk status for norske arktiske område – hovudfunn
Det generelle nivået av radioaktiv forureining i norske arktiske område er låg, både i havmiljøa og på land. Ein har likevel sett eit auka nivå av 99Tc i det norske arktiske havmiljøet, noko som kjem av langtransport av utslepp frå reprosesserings-aktivitet ved Sellafield. Politisk press frå dei norske og irske regjeringane har ført til ein betydeleg reduksjon av 99Tc-utsleppa frå Sellafield etter 2004, og ein tilsvarande reduksjon i forureiningsnivåa er no observert i tidsseriar for sjøvatn og tang i norske arktiske strok.
Nivåa av 137Cs hos arktiske sjødyrartar er vanlegvis låge eller under påvisingsgrensene. For sjøpattedyr er dei høgste nivåa funne hos isbjørnar. Sjølv om gjennomsnittsverdiane av 137Cs hos isbjørnar på Svalbard har vore lave det siste tiåret samanlikna med verdiar hos dyr frå Svalbard i 1980, var dei høgre enn dei rapporterte verdiane hos isbjørnar frå andre arktiske område på 1990-talet. Hos selartar er nivåa av 137Cs vanlegvis høgre enn for biota frå lågare trofiske nivå, og det tyder på at 137Cs er bioakkumulert gjennom arktiske, marine matkjeder.
Dei første undersøkingane av håkjerringa, eit mindre kjent og sjeldan studert arktisk rovdyr, avslørte lågare nivå av 137Cs enn hos isbjørnar.
Prøver som er tatt av sjøfuglar på Svalbard, viser at det er svært store variasjonar mellom artane når det gjeld nivået av den naturleg førekommande radionukliden 210Po, og desse variasjonane er sannsynlegvis knytt til forskjellar i kosthald.
Nivåa av 99Tc i prøver av sjøvatn og tang frå norske arktiske strok auka etter utslepp av denne radionukliden frå Sellafield.
Nivåa av 137Cs hos selar tyder på at denne radionukliden blir bioakkumulert gjennom arktiske, marine matkjeder.
Nivåa av 137Cs hos arktiske landpattedyr frå Svalbard er også vanlegvis låge, men verdiane for polarrev varierer meir i breidde og omfang enn verdiane for Svalbardrein. Denne breidda i 137Cs-verdiar hos polarrev kjem sannsynlegvis av at desse dyra har ein meir variert fôringsbakgrunn og kosthald før dei blir fanga.
At nivåa av 137Cs hos desse landpattedyra er langt lågare enn dei som er funne hos same eller tilsvarande artar på det norske fastlandet, er delvis ein indikasjon på at landmiljøet på Svalbard er langt mindre forureina av 137Cs frå nedfall frå atmosfærisk testing av atomvåpen og frå Tsjernobyl-ulykka.
På den andre sida er nivåa av 210Po hos Svalbardrein og norsk reinsdyr mykje meir like enn dei som er funne for 137Cs.
Svalbardreinen har langt lågare nivå av 137Cs enn reinsdyr på fastlandet.
Laboratorieanlegg
Laboratoriet til miljøeininga er utstyrt for å kunne handtere eit breitt utval av radiometriske analyser. Laboratorieanlegget omfattar eit våtlaboratorium for kjemisk separasjon av ei rekkje radionuklidar og klargjering av prøver for analysar av gammastråling. Laboratoriet har også eit eige teljerom. Instrumenta omfattar avanserte gammadetektorar med både høg og låg oppløysing og betadetektorar som skal finne ei rekkje radioaktive stoff i forskjellige typar miljøprøver (t.d. jord, sediment, vatn, dyrevev og vegetasjon).
Miljøeininga har også utstyr for å gjennomføre radiometriske målingar i felten, og for å gi teknisk støtte i naudssituasjonar ved eventuelle atom- eller radiologiske ulykker.
All prøveklargjering, alle analyser og handsaming av data blir gjennomført i samsvar med etablerte rutinar for å sikre at aktivitetane til laboratoriet er sporbare og av høg kvalitet. For å sikre kompetanse innan radiometriske analyser deltek miljøeininga rutinemessig i nasjonale og internasjonale samordningsøvingar.
Ionebyttarseparasjon av 99Tc frå prøver av sjøvatn henta frå norske arktiske farvatn.
Analyse av gammastråling i laboratoriet til miljøeininga.
Vidare lesing
Informasjon om nivåa av radioaktiv forureining i det arktiske havmiljøet blir rapportert i den årlege rapporten Strålevernet gir ut om radioaktivitet i havmiljøet (‘Radioactivity in the Marine Environment’). I tillegg har miljøeininga gitt ut følgjande strålevernrapportar, som er tilgjengelege frå Strålevernet sine nettsider:
- StrålevernRapport 2003:5: Monitoring of 99Tc in the Norwegian Arctic marine environment.
- StrålevernRapport 2:2004: The radiological Environment of Svalbard.
- StrålevernRapport 7:2005: Radionuclides in Marine and Terrestrial Mammals of Svalbard.
- StrålevernRapport 2005:19: Geostatical Methods Applied to sampling Optimisation for the Temporal Monitoring of Tc-99 in the Arctic Marine Environment.
- StrålevernRapport 2006:10: Terrestrial Monitoring in Øvre Dividalen.
- StrålevernRapport 2008:15 Floating Nuclear Power Plants and Associated Technologies in the Northern Areas.
Denne artikkelen er en redigert versjon av StrålevernInfo 28.09 og kan lastes ned i fullstendig versjon her.