Snart kan du vandra rundt på Eventyrstranda, kvila deg på Grønstrømpeneset eller nyta utsikta frå Måsegget i Svalbards ville natur.

Iherdig jobbing av namnekomiteen som behandla over 300 forslag til nye stadnamn på Svalbard, før dei landa på dei ca 90 namna som komne gjennom nålauga. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Men først må desse tre namna bli festa til svalbardkarta som snart skal produserast etter at dei og over 90 andre er komne gjennom nålauga til namnekomiteen for polare stadsnamn.

Skildrande for det miljøet dei beskriv

Om lag 300 namneforslag frå 29 avsendarar kom inn etter at namnekomiteen i vår inviterte folk til å senda inn forslag til nye stadnamn på Svalbard. Bakgrunnen for at komiteen ønskte nye stadnamn var at det skal produserast reviderte kart for nokre område på Svalbard kor det er relativt lite namngjeving frå før.

Nyleg hadde namnekomiteen det halvårlege møtet sitt kor dei avgjorde kva for nye stadnamn som frå no av skal gjelda for Svalbard.

Men først, kva for kriterium gjeld for at stadnamn skal bli godkjende på Svalbard?

Hovudregelen er at stadnamna skal skrivast på nynorsk. Det skal leggjast vekt på at namna er stutte, velklingande og høvelege til objektet. Det skal òg takast med i vurderinga dei stadnamna som alt er gjevne i nærområdet. Og nye stadnamn skal helst vere skildrande for det miljøet dei beskriv, svarer kartograf Oddveig Ørvoll, leiar i namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt, som er det offisielle organet som forvaltar stadnamna i dei norske områda i Arktis og Antarktis.

Leiar av namnekomiteen, kartograf Oddveig Ørvoll, viser frem eit av karta som har fått nye stadnamn. Dei aktuelle områda er merkt av med fargar på karta. Dei grøne felta viser isbrear, medan dei oransje er land- og fjellområde. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Oppkalla fyrstar, koner og annan familie

Eit anna kriterium som blir vektlagt er at personar stort sett ikkje skal oppkallast. Personnamn, til minne eller heider for personar, har tidlegare vore mykje nytta i polarområda. Fram til 1960-70-talet var det ikkje uvanleg at personane som gav namn til stader på Spitsbergen, hadde vore der som fangstmenn, ekspedisjonsmedlemmar, oppdagarar eller forskarar, medan andre hadde eit meir perifert forhold til øygruppa. Men den praksisen er borte med dagens retningslinjer.

Ein skal vere varsam med å kalla opp personar, særleg når personen har lita tilknyting til området, understrekar Ørvoll.

Tidlegare var det vanleg at ekspedisjonar oppkalla fyrstane frå heimlandet, og at ekspedisjonsleiarar kalla opp koner og annan familie. Prins Karls Forland, er oppkalla etter den britiske prinsen Charles I (1600-49), byen som voks fram rundt kolproduksjonen til amerikanaren John Munro Longyear, fekk namnet Longyear City og Andrinebreen er oppkalla etter kona til topografen Thor Askheim, for å nemna nokre døme.

Nygla, Galtedalen, Strandbukta, Rakhallet og Måsegget er nye stadnamn i Rijpfjorden. Flyfoto: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt

Utprega mannssamfunn

Eit trekk ved stadnamnhistorikken på Svalbard er at det er langt fleire menn enn kvinner som som er kalla opp. Ellingsve (2005:14) skriv at «Svalbard har i alt overveiande grad vore besøkt av menn, utan fast busetjing i hundreår, og heilt fram til moderne tid eit utprega mannssamfunn. Slikt set spor, eller mangel på spor, i namnematerialet».

Botanikar, miljøverner og den første norske kvinnelege forskaren på Svalbard, Hanna Resvoll-Holmsen, gav inspirasjon til det nye stadnamnet Grønstrømpeneset. Her er Resvoll-Holmsen fotografert under feltarbeid ved Blomstrands havn under Spitsbergenekspedisjonen i 1908. Foto: Gunnar Holmsen / Norsk Polarinstitutt

Grønstrømpen Hanna Resvoll-Holmsen

Men det er likevel nokre kvinnenamn å spora i karta, desse er oftast kvinner som har vore medlemmar av eller involvert i vitskaplege ekspedisjonar til Svalbard eller hatt eit meir perifert forhold til øygruppa (til dømes søstrer, koner eller døtrer til ekspedisjonsmedlemmer).

Diesetelva, Disetvatna og Disetsletta er til dømes oppkalla etter botanikaren og første kvinnelege norske forskaren på Svalbard, Hanna Resvoll-Holmsen, som heitte Diset til etternamn i det første ekteskapet sitt. Andre døme er Nataschabreen som er oppkalla etter geologen Natascha Heintz og Elnabreen som er oppkalla etter Elna Sverre som var gift med den norske offiseren Johan Tidemann Sverre.

Men sjølv om årets nye stadnamna ikkje er oppkalla etter personar, har i alle fall eitt av dei nye namna, Grønstrømpeneset, ei direkte kopling til nemnde Hanna Resvoll-Holmsen. Resvoll-Holmsen var i tillegg til å vera forskar òg kjent for arbeidet for å verna norsk natur, enten det var vassdrag på fastlandet eller dyrearter på Svalbard, og ho har blitt kalla «Noregs første grønstrømpe».

– Speglar dagens miljøaktivistar som Greta Thunberg

Sille Storihle var i sommar på kunstnaropphald på Svalbard og vart samtidig introdusert for Hanna Resvoll-Holmsen sitt arbeid som botanikar og miljøverner.  Det inspirerte ho til å foreslå stadnamnet Grønstrømpeneset.

Som kunstnar jobba eg mykje med historiskrivning, særleg i eit kjønnsperspektiv, så eg kom opp med Grønstrømpeneset på bakgrunn av Bredo Berntsen-biografien om henne, der ho vart kalla ein «Grønstrømpe». Namnet viser til Hanna Resvoll-Holmsen sitt arbeid, men òg korleis andre stadnamn på Svalbard ber etternamnet til den første ektemannen hennar, seiar ho og føyar til: Grønstrømpeneset speglar jo òg dagens miljøaktivistar som Greta Thunberg.

Stader på Svalbard oppkalla etter Hanna Resvoll-Holmsen: Diesetsletta, Diesetvatna, Diesetelva og Grønstrømpeneset. Grønstrømpeneset er nytt namn frå 2019. Kart: Norsk Polarinstitutt

Historiske hendingar

Eitt anna forslag som kom inn i år, var å gje namn til ein tysk vêrstasjon, som var i bruk ved Signehamna i 1941-43. Fyrste overvintringa var kodenamnet Knospe, andre året var det Nussbaum. Stasjonen var todelt, med sommar- og vinterstasjon. Det finst i dag restar/kulturminne i landskapet som viser kor dette var. Namnekomiteen støtta forslaget og ønskte primært å knytte lokaliseringa til vinterstasjonen, som er lettast tilgjengeleg, og dei vedtok dermed namnet: Knospe-Nussbaum.

Namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt består av Ivar Stokkeland (f.v.), Anne Urset, Per Kyrre Reymert, Oddveig Ørvoll (leiar) og Winfried Dallmann. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
lignende nyheter